BildetemaTema morsmål 
Ordbøker
Biletsider
Trykte LEXIN-produkt
Komande ordbøker
Om prosjektet
Kontakt oss
Hjelp
LEXIN-logo

Bokmål
Nynorsk
English

LEXIN-ordbøkene er dei første nettbaserte ordbøkene som er laga spesielt for minoritetsspråklege i Noreg. Ordbøkene er oversiktlege og enkle å bruke. All informasjon om eit oppslagsord er plassert saman med oppslagsordet i ordboks­artikkelen. I tillegg til opplysingar om ordklasse, bøying og uttale, finn du enkle forklaringar og døme på ordet i konkret og biletleg bruk.


LEXIN HAR FÅTT LYD (TALESYNTESE) FOR BOKMÅL OG NYNORSK

LEXIN har no fått lyd til alt ordbokinnhald på bokmål og nynorsk. Når du har søkt på eit ord i LEXIN, vil du sjå høgtalar-ikonet bak felta på bokmål og nynorsk. Klikk på ikonet for å få lese opp teksten i feltet.

Lyden er ei såkalla 'syntetisk' (kunstig) røyst, også kalla 'talesyntese'. Talesyntesen er levert av selskapet VoiceASP. Les meir om talesyntesen på søkjesida i LEXIN (den sida som viser når du har valt ei ordbok).


RAMMER FOR BRUK AV LEXIN

LEXIN-ordbøkene er opne for alle, og bruken er gratis. Kommersiell bruk av ordbøkene er ikkje tillate. Annan bruk av LEXIN enn tilfeldige oppslag er ikkje tillate. Det er mellom anna ikkje lov å laste ned ordbasen, kopiere ordbasen eller funksjonar ved tenesta, eller å gjere oppslag i ordbøkene systematisk tilgjengelege.


BILDETEMA — EIN NY SPRÅKRESSURS FOR MINORITETSSPRÅKLEGE

Bildetema er ei fleirspråkleg interaktiv biletordbok med illustrasjonar, tekst, lyd og animasjonar. Ho har ca. 1800 ord, fordelt på 31 temasider med til saman 128 undertema.

Bildetema er i slekt med biletsidene i LEXIN. Har du brukt biletsidene i LEXIN, vil du kjenne att mange av dei same temaa.

Bildetema inneheld bokmål, nynorsk, engelsk, svensk, dansk og fleire minoritetsspråk. Nokre av språka er dei same som i LEXIN, men ikkje alle. Fleire språk er under utarbeiding og vert lagde til etter kvart.

Bildetema byggjer direkte på den svenske applikasjonen Bildteman, som er utvikla ved Skolverket i Sverige.

Klikk her for å gå til Bildetema.


ENGELSK ER NO TILGJENGELEG SOM STØTTESPRÅK

Etter at Bokmål—engelsk illustrert ordbok i 2009 vart fjerna frå LEXIN-sida av omsyn til kommersielle ordboksforlag, er engelsk no tilgjengeleg som støttepråk i alle tospråklege LEXIN-ordbøker.

Ved søk i til dømes ordboka Bokmål—tamil, får ein no treff både på tamil og engelsk. I mange tilfelle der søkjeordet ikkje er omsett til tamil, vil ein likevel få treff på engelsk. Dette skuldast at det engelskspråklege LEXIN-materialet har samme omfang som det norske, og dermed er vesentleg større enn dei andre tospråklege ordbøkene. Dette vil vonaleg gjere det enklare å eventuelt søkje vidare frå engelsk til tamil eller andre målspråk i utanlandske ordbøker


NYTT OG BETRE SØK

Vi har betra søkjefunksjonen i LEXIN. Søkjemotoren leitar no ikkje lenger berre etter oppslagsord, men etter alle orda i ordboksartiklane. Dermed kan søket finne bøygde former av ord, ord i forklaringar, uttrykk og eksempel, og så vidare. Det nye søket leitar også automatisk etter ord som inneheld søkjeordet eller dei bokstavane ein søkjer på.

Dersom det nye søket ikkje finn noko, leitar det i staden etter ord som liknar, i tilfelle ein har skrive feil.

Søk i LEXIN vil difor gje mange fleire treff no enn tidlegare. Det vil vere både gode og dårlege treff, men systemet prøver å vise dei beste treffa først.

Vi håpar at alle vil like det nye søket. Kontakt oss gjerne dersom de har spørsmål eller kommentarar.


Utdanningsdirektoratet, Uni Computing 2014.