BildetemaTema morsmål 
Ordbøker
Aktiv
Biletsider
Trykte LEXIN-produkt
Komande ordbøker
Om prosjektet
Kontakt oss
Hjelp
LEXIN-logo
Bokmål—somali
Søkjeord:

Slik søkjer du etter ord i norsk LEXIN

Lyd (talesyntese) for bokmål og nynorsk i LEXIN


Slik søkjer du etter ord i norsk LEXIN:

  1. Skriv inn ordet du vil søkje etter i det blanke feltet ovanfor.
  2. Trykk på Søk-knappen.
  3. Dersom ordet du søkte etter finst i ordboka, vil informasjon om dette ordet kome fram på skjermen.
  4. Ein liten blome () bak eit ord tyder at det finst eit bilete av ordet. Klikk på blomen om du vil sjå biletet.
  5. NB: I mars 2010 endra vi søkjefunksjonane i LEXIN. Vi håpar at alle vil like det nye søket.
  6. I det nye søket får du fleire treff enn tidlegare. Du kan sjå fem treff i gongen. Vil du sjå fleire, må du klikke lenkja Neste 5 treff.
  7. Det nye søket leiter ikkje berre etter oppslagsord. Det leiter etter ord i heile ordboksartikkelen. Det gamle søket kunne berre finne oppslagsord, til dømes hus og katt. Det nye søket finn også bøygde former, til dømes huset og katten, og det finn ord som er brukt i uttrykk, eksempel, og så vidare.
  8. Det nye søket finn også ord som inneheld det same ordet eller bokstavane som du søkjer etter. Dersom du til dømes søkjer etter hus, vil du også finne husdyr og sjukehus. Før måtte du søkje med hus*, *hus eller *hus* for å få til dette. Det nye søkjet gjer det automatisk. Du skal ikkje bruke stjerne (*) sjølv når du søkjer.
  9. Det nye søket kan også finne fleire ord som står etter kvarandre, til dømes ein katt.
  10. (Det nye søket leiter altså fleire stader, og finn meir, men ikkje dersom du søkjer etter ord med berre éin eller to bokstavar. Då leiter det berre etter oppslagsord som er skriv(n)e nøyaktig likt søkjeordet.)
  11. Det nye søkjet prøver å vise deg dei viktigaste treffa først. Det viser også søkjeordet ditt med gul farge alle stader det finst.
  12. Dersom det nye søket ikkje finn noko, prøver det å leite etter ord som liknar på det du skreiv, i tilfelle du skreiv ordet feil. Då får du ikkje nokon gul farge i søkjeresultatet.

Lyd (talesyntese) for bokmål og nynorsk i LEXIN

LEXIN kan no lese opp norsk tekst i søkjeresultatet (bokmål og nynorsk). Bak kvart norsk felt i søkjeresultatet ser du eit høgtalar-ikon (). Klikk på ikonet for å høyre teksten i feltet verte lesen opp.

Talesyntese

Teksten vert lesen med ei 'syntetisk' (kunstig) røyst. Teknologien for løysinga er eit produkt kalla leseWEB, frå selskapet VoiceASP AS. Lyden du høyrer kjem frå ein av VoiceASP sine serverar (tenarar). Røystene er laga av selskapa Acapela Group ('Kari' og 'Olav' for bokmål) og Lingit ('Inger' og 'Isak' for nynorsk).

Innstillingar

Du kan velje mellom kvinne- og mannsrøyst. Dette gjer du frå knappen for innstillingar () oppe til høgre i skjermbiletet. Klikk på innstillingsknappen for å få fram denne boksen:

Nedst i boksen kan du velje om du vil ha kvinnerøyst (F) eller mannsrøyst (M).

I den same boksen kan du velje lesefart (øvst). Det er mest aktuelt å velje mellom Normal og Lav (låg). Når farta er Lav (låg), vert teksten lesen opp noko saktare enn vanleg.

Midt i boksen finn du òg ei innstilling for linekapasitet. Set innstillinga så høg som råd.

(Dersom internett-sambandet ditt er særs dårleg, kan det hende at teksten ikkje vert lesen opp, eller at berre starten vert lesen opp. Diverre hjelper det ikkje å endre innstillinga.)

Boksen har ei Hjelp-lenkje (), men den går berre til ei tom side. Hjelpa som finst, er den du les her.

Dersom du vil gjere boksen usynleg, klikkar du på innstillingsknappen () éin gong til.

Systemet hugsar innstillingane dine. Dersom du deler datamaskin med andre, og de har same brukarnamn, kan du få dei same innstillingane som brukaren før deg.

Systemet hugsar innstillingane dine frå gong til gong ved hjelp av såkalla 'informasjonskapslar' ('cookies'). Dersom informasjonskapslar er slegne av i nettlesaren din, greier ikkje systemet å hugse kva innstillingar du har gjort. Då får du i staden standard-innstillingane, som er ei kvinnerøyst med normal lesefart.

Ingen lyd

Sjå til at lyden i datamaskinen din er slegen på, og at lydstyrken er passeleg.

Dersom du likevel ikkje får lyd, må du først undersøkje om du får lyd på andre nettsider. Dersom du ikkje gjer det, ligg feilen i nettlesaren eller datamaskinen din. Nettlesaren din manglar kan hende ein avspelar ('plug-in') for lyd. På leseWEB sine danske nettsider finn du lenkjer til gratis avspelarar du kan bruke.

Dersom du bruker Internet Explorer, kan det hende at noko av lyden forsvinn. Prøv då å klikke éin gong til. (Internet Explorer kan miste starten av den første lyden etter at du har gjort eit nytt søk, eller etter at du har bladd til ei ny side i søkjeresultatet.)

For deg som kjenner leseWEB frå før: leseWEB vert nytta på mange norske og nordiske nettstader. Dei aller fleste stadene kan brukaren sjølv velje kva for ein tekst som skal lesast opp ved å markere teksten og klikke på ein knapp for å spele av lyden. Dette passar dårleg for LEXIN sine søkjeresultat, då dei er ofte ei blanding av norsk tekst og tekst på andre språk. Dessutan inneheld teksten i LEXIN spesialteikn og ufullstendige ord som ikkje kan lesast opp nett slik dei står på skjermen. Vi har difor valt ei anna løysing for LEXIN: Kvart norsk felt har sin eigen høgtalar-knapp (ikon) () som les opp feltet. Det finst òg noko som i løynd gjer teksten betre eigna for opplesing.

Kvalitet

Det beste ville sjølvsagt ha vore at teksten vart lesen av eit menneske, men dette ville vorte for dyrt grunna det store innhaldet i LEXIN. Sjølv om den kunstige røysta vil kunne lese nokre få ord feil, trur og håpar vi at talesyntesen vil fungere godt for brukarane.

Dersom du oppdagar ord som vert lest opp feil, håpar vi du vil melde frå til oss, slik at vi kan informere leverandørane av talesyntesen om feilen. Hugs å oppgje om det er ei bokmåls- eller nynorskrøyst som gjer feilen, og om det gjeld manns- eller kvinnerøysta.


Utdanningsdirektoratet, Uni Computing 2014.